søndag, desember 28, 2008

Kristoffer og eg ved fyret. Fantastisk flott vintervèr.

Egil har fleire bilder frå fyret på si side www.kalvaag.com

På veg til fyret :-D

Bildet er tatt på Steinset, ein ser Rognholmen til venstre i bildet.

torsdag, desember 25, 2008

God jul

Sendt fra en
Sony Ericsson-
mobiltelefon

onsdag, desember 24, 2008

Jul :-D


No er det jul igjen. Dei siste 14 dagane har vore eit vakuum. Det har vore intense dagar, med mange timars arbeid. Vi har beklagelegvis ikkje klart å tatt alle telefonane som har ringt. Det var ganske fortvilande å sjå på mobilen med 20 tapte anrop på ein halv time. Eg vil tru det var mange leie sjeler der ute. Det blir litt anti-klimaks å komme heim og plutselig skal slappe av. Eg spurde Kristoffer idag om kva vi brukte å gjer når vi skulle slappe av :-D han er ein god gut. Flaks for oss alle at han er så enormt huslig av seg (godt opplært av den pirkete mor si), han har vaska og strøke duker, vaska klede og lagt sammen klede. Han sjølv kaller seg som husfar. ;-) i to dager skal vi berre slappe av og ikkje tenke på blomster eller post (sjølv om den biten har gått rimelig smerte- fritt). No er pinnekjøtt komt på kok, riskremen er laga og alle unnateke meg kome i fin-klede. Men det er like før :-D vi hadde ein diskusjon om finaste julepynten vi hadde. Gutane kunne ikkje heilt bestemme seg og Egil meinte juletreet, men eg synst julekrybba er flott. Det er jule stemning :-D kanskje ei julekrybbe på butikken til neste år er tingen ;-) eg ønsker ei god jul til alle og einkvar. Håpar alle har det bra, og får ei koselig jul. Spesielt dei som sit ute og ikkje får vere heime. Det var spesielt mynta på naboene våre Ronny, Rune og Harry og svogeren min Kåre Magne, og så "lisje-jenta" mi Malin (tanteungen) og hennar sambuar Olaf :-D Stor juleklem

mandag, desember 22, 2008

Puh :-D


Siste utkøyringsdag :-D

søndag, desember 21, 2008

Sjåføren vår :-D


Egil har fått køyrt unna alle bestillingar etterkvart :-D

Jule rush :-D


Først arbeid, så julekonsert så rett i arbeidet igjen :-D

torsdag, desember 18, 2008

Kveldsarbeid :-D


Snart er det jul....;-)

torsdag, desember 04, 2008

2 års jubileum :-D